Dette skjer på FN-dagen 24 oktober 2018 landet rundt

21. okt 2018
I høve FN-dagen den 24. oktober ønskjer vi å sende ut ei oversikt til alle medlemsorganisasjonane våre. Vi har fleire spennande arrangement rundt om i heile Noreg. Ta gjerne kontakt om du treng meir informasjon om arrangementa eller ønskjer å delta. Er det andre arrangement som bør få plass på lista vår, set vi pris på om du kontaktar oss.

** Velkommen til FN-dagen 2018
------------------------------------------------------------
OSLO
FN-sambandet har fleire store arrangement i samband med FN-dagen i Oslo. På den årlege skulekonferansen blir det sett nærare på korleis dei tre tverrfaglege tema berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap samt folkehelse og livsmeistring er tatt inn i fagfornyinga og kva slags konsekvensar dette har for lærarutdanninga. Sjå program for Skolekonferansen 2018 (https://www.fn.no/Undervisning/Skolekonferansen-2018?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

Det blir også eit gjensyn med paneldebatt på Litteraturhuset saman med andre norske FN-organisasjonar. I år er temaet «Migrasjon i Norden». Les meir om arrangementet her (https://www.facebook.com/events/394063924464026/?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

Det blir også debatt om kva for ei rolle nye partnarskap speler når internasjonalt samarbeid er under press. Mexicos statssekretær for menneskerettar og statssekretær i UD, Marianne Hagen, deltek – også dette arrangementet på Litteraturhuset. (https://www.facebook.com/events/548869958884705/?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

Oslo Domkirke, FN-sambandet og Kirkens nødhjelp inviterer fleire hundre barnehagebarn til feiring med FN-filuren på FN-dagen i Oslo Domkirke.

Frå 24. til 27. oktober har vi også gleda av å invitere barneskular i Oslo til Bærekraftsleikane på Fritjof Nansens Plass. Siste dag er det opent for alle barnefamiliar som har lyst til å lære meir om FNs berekraftsmål.

Laurdag 27. oktober blir det nattevandring til Ekeberg for FNs bærekraftsmål. Sjå programmet for nattevandringa (https://www.facebook.com/events/327493997821303/?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

ARENDAL
FN-dagen blir markert med FN-tog gjennom Arendal sentrum. Det er også duka for filmvising av den pakistanske dokumentaren «Mordet på Perween». Filmen omhandlar attentatet på den pakistanske arkitekten, byplanleggaren og aktivisten Perween Rahman i 2013. Filmvisingen er i samarbeid med UN-Habitat og Arendal kommune. FN-sambandet inviterer også lokalpolitikarane til inspirasjonsforedrag på rådhuset, med fokus på korfor eit bidrag frå norske kommunar er heilt nødvendig for å nå bærekraftsmåla.

STAVANGER OG SANDNES
FN-sambandet held innlegg på eit seminar hjå Fylkesmannen i Rogaland om FNs Barnekonvensjon, med fokus på Barnekonvensjonen i eit globalt perspektiv. Det blir også foredrag for pensjonistar i Madlamark kyrkje og for Gandsfjord Rotary om FN og FNs arbeid.

BERGEN
FN-dagen i Bergen skjer i samband med Internasjonal uke, 19. til 27. oktober. På sjølve FN-dagen vil det vere ei markering ved Musikkpaviljongen med konsert og utdeling av roser. Regionkontoret i Bergen skal også halde foredrag for Åsane Rotary. Sjå informasjon om Internasjonal uke i Bergen. (https://www.fn.no/IUBergen?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

JONDAL
Saman med Folkeakademiet i Jondal og frivilligsentralen i kommunen, inviterer FN-sambandet til markering og foredrag i Jondal. Arne Øi frå FN-sambandet sitt kontor i Bergen held foredrag om korleis FN og det internasjonale samfunnet arbeider med flukt og migrasjon. Han skal også snakke om korfor vi markerer FN-dagen. Programmet finn du her (https://www.facebook.com/events/2041128666176103/?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

STJØRDAL
I Stjørdal blir det feiring med FN-sambandet i Kimen kulturhus. Hovudtema for dagen er 70-års jubileet til Verdserklæringa for menneskerettar. Det blir kulturinnslag med elevar frå Stjørdal kulturskule, foredrag og gratis kinovising av «Månelyst i Flåklypa».

FN-DAGEN I SKULEN
Det er også duka for fleire filmvisingar, rollespel og foredrag i skulen. På nettsida er det lagt ut undervisingsressursar og tips til markering av FN-dagen, som skulane kan dra nytte av. Opplegget for FN-dagen i skulen finn du her (https://www.fn.no/Undervisning/FN-dagen-i-skolen?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

Det er også lagt ut ei landsoversikt for FN-dagen på nettsida vår. (https://www.fn.no/Nyheter/Landsoversikt-Arrangementer-paa-FN-dagen?utm_source=Invitasjonsliste&utm_campaign=b5e9a72281-EMAIL_CAMPAIGN_2018_11_24_INFO&utm_medium=email&utm_term=0_7aba52ae2d-b5e9a72281-64228059)

Vel møtt til FN-dagen 2018!

211018/ mhc